På dette kurset skal vi leike oss med Distress-stains, stempel, stensilar, foamstamps og mist. Vi skal grise skikkeleg, så eit forkle er eit must! På kurset skal vi bruke Sticky Back Canvas som bakgrunn, men teknikkane kan like gjerne brukast på eit lerret, papir eller i ei art journal. Kurset passar for alle som likar å prøve nye ting, men sjølvsagt også for dei av dykk som synest det er skummelt. Det er utruleg kjekt å lage sine eigne bakgrunnar både til kort og LOar, og det er noko spesiellt i det å skape noko frå ingenting.
Craft-matte (f.eks frå Tim Holtz eller Tattered Angels) (silikonmatte som vi limar lerretet på medan vi arbeider med det)
Embossingpistol
Brei pensel
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar